Simple table
| CELL 1 | CELL 2 |
| CELL 3 | CELL 4 |
Big table
Nynorsk Eksamensinformasjon
| Eksamenstid | Eksamen varer i 5 timar. |
| Tema | Arven etter Ibsen – å setje problem under debatt |
| Hjelpemiddel | Alle hjelpemiddel er tillatne, bortsett frå Internett og andre verktøy som kan brukast til kommunikasjon. For norsk er heller ikkje omsetjingsprogram tillatne. Ved bruk av nettbaserte hjelpemiddel til eksamen er det ikkje lov å kommunisere med andre (dvs. samskriving, nettprat, alle moglegheiter for å utveksle informasjon med andre). |
| Bruk av kjelder | Dersom du bruker kjelder i svaret ditt, skal dei alltid førast opp på ein slik måte at lesaren kan finne fram til dei. Du skal føre opp forfattar og fullstendig tittel på både lærebøker og annan litteratur. Dersom du bruker utskrifter eller sitat frå Internett, skal du føre opp nøyaktig nettadresse og nedlastingsdato. Informasjon om oppgåva Eksamen i hovudmål har to delar, del A og del B. Du skal svare på begge oppgåvene i del A og éi av oppgåvene i del B. Skriv bokstav og nummer framfor alle oppgåvesvara dine. Oppgåva kan ha ein introduksjon som viser til tekstar i førebuingsdelen. Sjølve oppgåveformuleringa står med feit skrift. |
| Vedlegg | Oppgåva har to vedlegg som du må bruke for å svare på A1 og A2. Du finn vedlegget på bokmål på side 8–9 og på nynorsk på side 10–11. |
| Praktiske opplysningar | Standard for brødtekstar er skriftstørrelse 12 og linjeavstand 1,5. (Arial, Calibri og Times New Roman er lett leselege.) Å presentere fagstoff, å bruke estetiske verkemiddel og å utforme tekstar er ein del av kompetansekrava i norskfaget. Innanfor oppgåverammene vel du sjølv korleis du best kan vise mottakarmedvit og få fram formålet med tekstane dine. |
| Informasjon om vurderinga | Sjå eksamensrettleiinga med kjenneteikn på måloppnåing til sentralt gitt skriftleg eksamen. Eksamensrettleiinga finn du på Utdanningsdirektoratets nettsider. Du må sjølv fordele tida du bruker på kvar av oppgåvene. Sensor skal vurdere kompetansen du viser i faget på eksamensdagen, og du får éin karakter. |
Del A
Del A har to oppgåver som du skal svare på. Du må bruke tekstvedlegga på side 10–11 for å svare på oppgåvene.
Oppgåve A1
Skriv ein tekst der du med dine eigne ord forklarer kort kva dei to tekstvedlegga handlar om, og vurder om dei har noko til felles når det gjeld innhaldet. Beskriv deretter måten dei to tekstane er skrivne og bygde opp på. Bruk norskfaglege omgrep i svaret ditt.
Bruk «Oppgåve A1» som overskrift.
Oppgåve A2
Skriv minst tre avsnitt der du argumenter for at ungdom bør drive med uteaktivitetar sjølv om dei kan skade seg. Siter frå Henrik Ibsens brev til sonen i teksten du skriv.
Mottakaren av teksten din er ein vaksen som bryr seg om kva du meiner.
Bruk «Oppgåve A2» som overskrift.